Møtet med Hans Nielsen Hauge

Bokomslag

Historia om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal

Ein sommardag i 2010 besøkte eg Svanøy i Flora kommune, i samband med at det på denne dagen var 200 år sidan Bertel Nielsen og Anna Nielsdotter gifta seg i kyrkja der. Bertel og Anna er mine tipptipptipp-oldeforeldre. Denne julidagen i 2010 låg kyrkjegarden bada i sol, som den kanskje også gjorde den dagen Bertel og Anna gifta seg. Kyrkja var for lengst borte, og gravene hadde overteke heile kyrkjegarden. Brudeparet og bryllaupsgjestane mangla, men på gravminna fann eg namn på personar som hadde vore i Bertel og Anna sin nære omgangskrets.

Mi interesse for Bertel og Anna hadde starta nokre år tidlegare, med leiting etter kor dei to kom i frå, og etter aner og etterkommarar av dei. Etter kvart fekk eg interesse for å finne ut meir om livet deira. 

Bertel var fødd i 1780, og voks opp på Ullaland i Naustdal og Anna blei fødd på garden Berge på Vossestrand i 1781. Kva var det som fekk dei til å bryte opp frå det lokalmiljøet som dei var ein del av, og dei rollene som dei var i ferd med å vekse inn i? Korleis hadde det seg at desse to stod som brud og brudgom på Svanøy denne  julidagen i 1810, og korleis hamna dei på ein gard i Batalden som ingen av dei såg ut til å ha nokon tilknyting til?

Under leitinga etter informasjon om Bertel og Anna, danna det seg etter kvart eit bilde der Hans Nielsen Hauge og haugianarane ser ut til å ha spelt ei sentral rolle i korleis livet til dei to utvikla seg. Hans Nielsen Hauge er mest kjent for si verksemd som lekpredikant. I perioden 1796-1804 reiste han rundt i heile landet og heldt samlingar der han spreidde Guds ord, og oppfordra tilhøyrarane til dyd og gudsfrykt, fram til eit langt fengselsopphald sette ein stoppar for reiseverksemda hans.

I tillegg til å påverke åndslivet til mange menneske, viser litteraturen om Hauge at han også påverka livet til venene sine på mange andre område. Hauge var ein god menneskekjennar og var flink til å bruke dei som hadde gode evner, til å tene den gode saka. Mange av venene til Hauge opna heimen sin, der folk kunne få komme og vere med i eit åndeleg fellesskap. Dei som Hauge meinte at hadde gode talegåver, oppfordra han til å reise rundt som lekpredikantar, og det blei etter kvart mange som reiste rundt og forkynte. Nokre  heldt seg til dei næraste prestegjelda, medan andre reiste landet rundt. På desse tider var det ikkje lovleg for lekfolk å reise rundt og tale Guds ord. Dei møtte difor stor motstand frå prestestanden, og mange av lekpredikantane blei også dømde og fengsla.

Hauge starta fleire bedrifter på ulike stadar, der fattige kunne få arbeid, og der personar med dei rette eigenskapane kunne få leiande stillingar. Han var også pådrivar for fleire av venene sine, som starta eigne verksemder. Mange av desse var bønder, som selde gardane sine for å skaffe kapital til å starte desse verksemdene i byane. Andre av venene stilte med risikovillig kapital til oppstart av desse verksemdene. Det var endå til dei som selde gardane sine, for å låne vekk pengar til Hauge og dei andre verksemdsetablerarane.

Hauge oppfordra også fleire av venene sine til å flytte til strategiske stadar for å overta handelsstader og gjestgivari. Slik fekk han også bygd opp eit stort agentnett for den omfattande handelsverksemda som han ville bygge opp. 

Gjennom dei rollene som dei næraste av venene til Hauge fekk i haugianarmiljøa, og gjennom den utøvande rolla som lekpredikantar, så tileigna desse seg eigenskapar og talegåver som seinare medførte at dei fekk viktige roller også elles i samfunnet. Gjennom ei utstrakt brevskriving mellom hauginarmiljøa, utvikla dei også gode evner til lesing og skriving.

Også på det personlege plan blei mange berørt av Hauge sine fengslande talegåver. Folk braut opp frå familie og lokalmiljøa sine og flytta til andre stader i landet, for å etablere seg på nye stadar der det var behov for dei for den gode saka si skuld, eller dei skulle ta seg arbeid på verksemdene som Hauge og andre hadde etablert. Hauge ville også ha eit ord med i laget når nokon av venene hans ynskte å gifte seg, og ofte var det han som plukka ut brud og brudgom.

Korleis kom Bertel og Anna i kontakt med dette miljøet og kva roller hadde dei? Kva relasjonar hadde dei til Hans Nielsen Hauge og haugianarane, og korleis blei dei to påverka av desse relasjonane?

Svara på desse spørsmåla skal føre oss ut på det som på dei tider var ei lang reise, både i avstand og år, og med opplevingar som skulle prege Bertel og Anna resten av livet, og som til slutt førte til at dei to busette seg på ein gard i Batalden, lengst vest i havet utanfor Florø. 

Tenestejenta Anna, som var blitt foreldrelaus som 17-åring, fann truleg tryggleik i fellesskapen i haugianarmiljøet. Odelsguten Bertel starta som lekpredikant etter oppfordring frå Hans Nielsen Hauge. I eit forsøk på å hjelpe Hauge ut av eit økonomisk uføre, tapte Bertel heile formua si, og måtte ta seg teneste. I haugianarmiljøet på Svanøy fann dei to saman, og kanskje var det Hauge som hadde råda dei til å gifte seg. Bertel og Anna levde heile livet i nær relasjon til haugianarmiløet på Svanøy.

Kyrkjebøker, tinglysingar, skifter, tingbøker og andre samtidige registreringar, har gitt viktig informasjon om faktiske hendingar kring Bertel og Anna, og ved å knyte dette opp mot litteratur om levekår på Vestlandet på slutten av 1700-talet og første halvdel av 1800-talet, får vi eit godt bilde av Bertel og Anna sine opplevingar, anten dei er knytt til fest eller kvardag, arbeid eller sosialt samhald.

På bakgrunn av informasjon om kva plassar Bertel og Anna budde på, har eg fått besøkt fleire gardar i Sunnfjord og på Vossestrand, og har der fått gått i deira fotspor. Dessverre er det ikkje alle stadar at det er synlege spor igjen frå den tida då Anna og Bertel budde der, men det har likevel vore givande å sjå og gå på stadar der dei oppheldt seg.

Litteratur om Hans Nielsen Hauge har gitt god informasjon om haugerørsla på Vestlandet, og i Sunnfjord og på Voss spesielt. Det blei etterkvart mange haugianarar på Vestlandet, og fleire av desse var aktive innafor forretningsliv og som lekpredikantar. Kartlegging av levevegen og reiseverksemda deira, har gitt haldepunkt for kontakt og samhald mellom desse og Bertel og Anna.

I litteraturen er også mange slektningar og sambygdingar av Bertel og Anna omtalte, både i Naustdal, Vevring, Voss og på Svanøy. Desse må ha vore med og påverka livet til Bertel og Anna. Anna er det lite informasjon om i litteraturen, medan Bertel si rolle er tydelegare.

To år er gått sidan eg besøkte Svanøy i 2010, og sidan då har eg lett etter historia til Bertel og Anna gjennom bøker og samtidige dokument. Det har vore mange gode opplevingar kvar gong små deler av historia har dukka opp etter å ha jakta i gamle dokument. Kvart av desse funna har vist veg i ei to år lang reise gjennom historia til Bertel og Anna, med både sorg og glede, samhold og motgang, i jakta på åndeleg og verdsleg vekst. 

28. november var det bokslepp på Sunnfjord folkehøgskule, og boka er no til salgs i bokhandlarar og nettbokhandlarar.

Eg håpar at du som les boka, vil ha glede av å følgje Bertel og Anna frå vugge til grav, enten du er ein av dei mange etterkommarane etter Bertel og Anna, ønskjer å få vite meir om Hans Nielsen Hauge og haugianarmiljøa på Vestlandet, eller er interessert i levekåra for fiskarbonden på Vestlandet.  

Advertisements
Posta under Uncategorized | Merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | Kommenter innlegget