Personomtale

 

Møtet med Hans Nielsen Hauge

historia om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal

 
 Omtale av dei sentrale personane i boka.

 

Anders Matissen Kietang 1755-1836 (lagrettsmann under avhøyret av Bertel og dei andre haugianarane i Sunnfjord, bonde på Keitang i Kinn, gift med Lovise Jacobsdotter Kietang, søster av Lars Jacobsen Thingnes)

Anders Nilsen Haave 1809-1867 (Haugianar og lekpredikant på 1830-talet frå Naustedalen)

Anna Erlendsdotter Sundve 1775-1855 (Anna sitt syskenbarn, gift med Øyel Ingebrigtsen Sundve som heldt hus for Hans Nielsen Hauge i Vinje sokn)

Anne Halvorsdotter Vister 1774- (Haugianar og lekpredikant frå Tune i Østfold, slektning av Hans Nielsen Hauge, blei med Tollef Olsen Bache, og dette ekteskapet utløyste ein av dei store stridane i Haugianarrørsla, då Tollef hadde skilt seg frå kona si for å kunne gifte seg med Anna Vister)

Arnt Solem 1877-1857 (Haugianar og kjøpmann i Trondheim. Eigde også fiskeværet Sør-Gjæslingan. Gift med Randi Andersdotter Lauvaas)

Berte Andersdotter Lauvaas/Steinhovden 1877-1857 (Haugianar og lekpredikant frå Klæbu, gift med Peder Abrahamsen Steinhovden)

Christian Simonsen Aa/Ausevik 1778-1863 (Haugianar frå Hyen, første lekpredikant frå Nordfjord, seinare i teneste hos Peder Abrahamsen Steinhovden)

Elias Henriksen Skorpeide 1796-1844 (Bonde på Skorpeide som Bertel og Anna nytta mykje som fadder for sine barn. Han blei første ordførar i Kinn)

Elias Olsen Fitje 1810-1855 (Nevø av Malene Hamre, lærar og kyrkjesongar i Førde, gift med Maren Underlie og seinare Ingeborg Asbjørnsdotter)

Elling Eielsen Sundve 1804-1883 (Son til Anna sitt syskenbarn Anna Erlendsdotter Sundve, som heldt hus for Hans Nielsen Hauge på Vinje. Elling var omreisande lekpredikant på 1830-talet, flytta til Amerika og blei seinare den første norske prest i Amerika)

Elling Hansen Høidahl 1776-1833 (Haugianar og lekpredikant, Hans Nielsen Hauge sitt syskenbarn frå Tune i Østfold, kjøpmann i Bergen, flyttar seinare til Veøy i Romsdalen)

Elling Hansen Svanøe ca. 1786-1856 (Haugianar, budde på Svanøy, ukjent opphav)

Erik Andersen Domben/Reksten 1805-1875 (Skulelærar i Kinn, blei gift med Bertel og Anna si niese Anna Birgitha Johannesdotter, som hadde vore i teneste hos Bertel og Anna i Vaulen)

Erik Larsen Svorstøl 1762-1825 (Naustedøl som var regimentsmed i Bergen. Heimen hans var samlingspunkt for Sunnfjordingar i Bergen, og han var av Hans Nielsen Hauge sine første vener i Bergen)

Erik Nilsen Saue 1782-1858 (Den mest sentrale haugianaren Vang hovudsokn på Voss)

Erik Olsen Gieldager/Thingnes 1780-1861 (Haugianar frå Ål i Hallingdal. Ein god ven og tenar av Ole Torjussen Svanøe. Overtek seinare gjestgivarstaden Thingnes etter Lars Jacobsen Thingnes)

Hans Nielsen Hauge 1771-1824 (Lekpredikant frå Tune i Østfold. Grunnleggar av Haugerørsla. Handelsmann i Bergen, besøkte Bertel og far hans på Ullaland i 1801 og lånte 900 riksdalar av Bertel i 1804)

Johan Nikolai Loose 1771-1810 (Bøkkermeister i Bergen. Av Hans Nielsen Hauge sine beste vener, gift med Hauge si syster Karen)

Johan Nordahl Brun 1745-1816 (Biskop i Bergen medan Hans Nielsen Hauge budde der)

Jon Hermundson Løn 1763-1809 (Anna sin tremenning, heldt hus for Hauge i Oppheim sokn)

Karen Nielsdotter Hauge/Loose 1776-1850 (søster av Hans Nielsen Hauge, gift med Johan Loose)

Kersti Amundsdotter Korsbøen/Svanøe 1781-1840 (Haugianar, gift med Ole Torjussen Helling/Svanøe, frue på haugianargarden Svanøy, kjend som Madam Kersti Svanøe)

Lars Andersen Høydal 1778-1841 (Haugianar frå Høydalen, tremenning med Peder Abrahamsen Steinhovden. Avhøyrd i samband med rettsaka mot Hans Nielsen Hauge)

Lars Iversen Kvarekvol/Kjeldmo 1769-1853 (Haugianar og predikant frå Voss, flytta seinare til Kjeldmo i Målselv)

Lars Jacobsen Thingnes ca 1767-1829 (Haugianar og gjestgivar på Vevring, hjelpte Bertel å kjøpe garden i Batalden)

Lovise Jacobsdotter Kietang ca 1755-1836 (Fødd på Rotnes i Førde, syster av Lars Jacobsen Thingnes og Ole Jacobsen Grytten. Gift med Anders Matissen Kietang)

Mads Ivar Larssen Wevring 1819-1894 (omreisande lekpredikant frå Vevring på 1830-talet. Seinare prest i Trondheim. Far hans var nevø av Lars Jacobsen Thingnes)

Malene Andersdotter Hamre ca. 1780-1820 (Haugianar frå Hamre i Naustedalen og Bertel sin følgjesven som lekpredikant. Seinare gift med Ole Jacobsen Grytten)

Maren Knutsdotter Underlie 1812-1845 (Gift med Elias Fitje. Saman med systera Stina starta ho vekkingsbølgja på Vevring på 1830-talet)

Margrete Pedersdotter Hellevik 1752- 1836 (døypt Anne Margretha, dreiv gjestgivar og handelsstaden Hellevik, mor til Peder Abrahamsen Steinhovden)

Mathias Mortensen Flokenes 1773-1839 (skulelærar og leiar av ei religiøs rørsle i Vevring sokn, Haugianar frå 1802)

Morten Bendiksen Kinn 1754-1827 (Budde på garden ved sidan av kyrkja på Kinn, og var forlovar for Bertel og Anna når dei gifta seg)

Ola Sjursen Kalland/Savland ca 1770-1825 (Bertel sitt syskenbarn. Ven av Hauge i Bergen, og blei Hauge sin kontaktperson i Naustedalen)

Ole Jacobsen Rotnes/Grytten ca 1757-1830 (Haugianar og bonde på garden Gryta i Vevring. Bror til Lars Jacobsen Thingnes)

Ole Olsen Groue/Hovland 1777-1857 (Frå garden Graue på Voss, flytta til Steinhovden og Svanøy i Kinn der han hadde teneste, seinare busette han seg på Hovland i Kinn)

Ole Paulsen Batalden 1768-1846 (Husmann og los som budde på Grø i Batalden, som tidlegare hadde bygsla bruket som Bertel kjøpte)

Ole Torjussen Helling/Svanøe 1781-1859 (Haugianarhøvding i Sunnfjord, fødd i Ål, kjøpte Svanøy i 1804 der han bygde opp eit mønsterbruk og ein samlingsplass for Haugianarane i Sunnfjord)

Ottar Carlsen Bakkerud 1773- (Haugianar frå Hedmark. Kjøper gjestgivarstaden Survika i Nord-Trøndelag)

Peder Abrahamsen Steinhovden 1778-1838 (Handelsmann og leiande haugianar på Stavang)

Randi Andersdotter Lauvaas/Solem 1775-1859 (Haugianar frå Klæbu, syster til Berte Andersdotter Steinhovden, gift med haugianar og kjøpmann i Trondheim, Arnt Solem)

Rasmus Monsen Dahl 1745-1815 (Landhandlar og gjestgivar i Naustdal, formyndar for dei fire jentene som sel garden «oppe» i Batalden til Bertel i 1807)

Samson Torbjørnsen Traae 1771-1847 (Haugianar frå Jondalen i Hordaland, Hans Nielsen Hauge sin gesell i Bergen, seinare kjøpmann i Bergen)

Stina Knutsdotter Underlie 1863-1843 (Saman med systera Maren starta ho vekkingsbølgja på Vevring på 1830-talet)

Øyel Ingebrigtsen Sundve 1768-1845 (Heldt hus for Hauge i Vinje sokn, gift med Anna sitt søskenbarn)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s